(03.02.2010) På landsleiren 23-27. juni i sommar blir det arrangert sentral ungdomskonferanse, der det skal veljast nye medlemmer til landsrådet og valgkomiteen for Røde Kors Ungdom. Vi oppfordrar DEG til å stille

Kva er landsrådet?
Landsrådet fungerer som sentralstyret i Røde Kors Ungdom. Rådet består av leder, to nestledere, fire medlemmer og to varamedlemmer. Oppgåva er å representere heile ungdomsorganisasjonen og dra den i riktig retning. Rådet er organisasjonen sitt høgaste organ mellom årsmøte og velges på Sentral ungdomskonferanse, Røde Korrs Ungdom sitt landsmøte.
Les meir i eige dokument
Kva er valgkomiteen?
Valgkomiteen har den viktige oppgåva å finne kandidatar til Landsrådet som skal veljast i 2011.
Kva verv står på val i landsrådet?
-
Leder, 2år
-
Medlem, 2år
-
Medlem, 2år
-
Varamedlem, 2år
|
Valgkomité-verv
-
Leder, 1år
-
Medlem, 1år
-
Medlem, 1år
-
Varamedlem, 1år |

Kven kan søkje?
-
Du må vere mellom 13 og 30 år.
-
Du må vere medlem (bli medlem her)
-
Du bør gå 100% inn for eit utfordrande, men også utruleg spennende og givande arbeid
-
Du bør ha kjennskap til organisasjonen og våre prinsipp.
Kvifor burde DU søkje?
-
Du får bestemme korleis Røde Kors Ungdom skal utvikle seg.
-
Du får veldig mykje erfaring, som ser nydeleg ut på CV-en.
-
Du møter masse nye menneske.
-
Du blir overveldet av engasjement.
-
Du får delta i spennende møter og diskusjonar nasjonalt og internasjonalt
-
Du får samarbeide med eit dyktig sekretariat og fleire tusen frivillige i heile landet.

Kontakt valgkomiteen
Vi elsker mas og dumme spørsmål!
Du kan søkje sjølv eller ta kontakt med valgkomiteen for gode forslag til kandidatar. Har du kandidatforslag sender du det til oss på mail (hugs å spørre vedkommande først)
Mail: valgkomite@ymail.com (ikkje den same som i fjor)
Valgkomiteen si eiga Facebook-side |
Send søknad på mail: valgkomite@ymail.com (legg ved bilde og gjerne CV)
Emne i mail: "Søknad for landsrådet/valgkomiteen namn på verv"
Frist: 20.april