Røde Kors Ungdom
Forsiden
Kontakt
Innholdsoversikt
Logg inn
SØK
English      Aktiviteter      Engasjer deg      Aktuelt      Om Røde Kors Ungdom

Send e-post til youth@redcross.no eller ring oss på telefon 22 05 40 00.

Ja takk, jeg ønsker å få Røde Kors Ungdoms nyhetsbrev

På ski for første gong

Av Espen A. Breivik

(08.03.2009) Annakvar søndag har Volda Røde Kors Ungdom aktivitet med det lokale asylmottaket. Til no har vi blant anna vert på kino, feira jul (med besøk av julenissen), mala, leika, lært å danse frå forskjellege kulturar og sist men ikkje minst vert på skisenteret i Volda.

Eit høgdepunkt i kvardagen

 

-Det er like moro kvar gong å hente dei til Røde Kors sine lokaler eller andre stadar, for du skjønar godt at dette er eit høgdepunkt for dei når dei kjem springande mot oss med eit stort smil, seier Ingvild Velsvik, ein av dei frivillige.

 

På akebrett ved Volda skisenter


Nordmenn er IKKJE født med ski på beina!

-Da vi tok dei med på skisenteret fekk dei prøve både akebrett, hjelpekorpset sin snøscooter og ski. Dette likte dei godt, og dei var overraskande flinke på ski, mykje flinkare enn det eg var første gongen, fortel Espen Breivik, ledar i Volda Røde Kors Ungdom.

Desverre fekk eine jenta eit ganske djupt kutt etter litt for rask fart på rattkjelken, men vi bandasjerte ho og fekk ho på legevakta, så alt ordna seg til slutt. Og alle hadde ein fantastisk dag.

 

Aking på Volda Skisenter

 Bilde: Klar.... Ferdig........... GÅ!!

 

Espen A. Breivik

Bilde: Ikkje alle var like flinke å halde seg på akebrettet.

 

 

Bilete frå andre aktivitetar vi har hatt:

 

Ungane frå julegave med nissen

Bilde: Her får ungane frå mottaket gåver med julenissen

hoppe tau

Bilde: Her hoppar vi tak på Røde Kors sine lokaler.

Traktor!

Bilde: Perfekt at ein barnehage er nærmaste nabo med Røde Kors bygget!

Oss

Bilde: Espen A. Breivik, Ingvild Velsvik, Guro Velsvik og nokre av ungane frå mottaket.

 

(bilda er lagt ut etter godkjenning frå mottaksledar og foreldre)

Ditt navn:
Melding:
Legg inn kommentar
16.03.2009, 21:37 av Janus

Fine bilder:-) Viktig arbeid dere gjør!
Upassende innlegg - tips oss!