(04.12.2008) Det er vanleg at Røde Kors Ungdom arrangerer stand og står der og delar ut brosjyrer, kondomar og pepperkaker, men i år valgte Volda Røde Kors Ungdom å gjere det litt annleis
For oss som bur i "ei bygd" på Sunnmøre, så er det ikkje alltid så mange ute i gatene eller på kjøpesenteret i Volda Sentrum på ein kald mandag den 1.desember.
Nettopp derfor valgte vi å gjere Verdas Aidsdag markeringa litt annleis i år:
1.
På stadar som studenthuset, restaurantar, konsertlokaler, vgs og den kjente høgskulen i Volda satt vi ut kurver med kondomar og brosjyrer, som vi fyller på av og til. Vi fekk veldig positiv tilbakemelding av fleire:


Ein av dei mange plakatane med TIMEOUT-tips vi hang opp på blant anna den vidaregåande skulen.
2.
Vi laga også sløyfer som fleire gjekk med verdas aidsdag:

3.
Vi skreiv eit lessarinnlegg til lokalavisa om denne dagen, med sjokkande statestikk og oppfording til å ta eit aktivt valg ;)
4.
Vi laga FILM der vi oppfordrar ungdom til å bruke kondom, denne filmen hadde vi også med i YouLune konkurransa (les meir på www.youlube.no):
Vi anbefalar lokalforeningar som er i same situasjon som oss, om å gjere liknande, anten neste 1.desember eller i ein anna samanheng. Og hugs: det fins alltid kreative (ofte nye) måtar å løyse ei utfordring på ;-)
God jul frå alle oss i Volda Røde Kors Ungdom! hohoho ^^,