(25.12.2008) Volda Røde Kors Ungdom arrangerte i samarbeid med ansatte frå asylmottaket i Volda ein julefest for bebuarane på asylmottaket i Volda, på Røde Kors huset.
Ein familie frå mottaket møtte opp tidleg for å lag
e til mat (norsk mat med ein spanande vri på), saman med enkelte frå Røde Kors Ungdom som pynta og laga til. Men huset var allerede julepynta etter juleavsluttinga lokalforeininga hadde.
Dette var vårt første med alle asylsøkjarane. Og vi fortalde om Røde Kors (Ungdom) og at vi kjem til å ha aktivitet med dei yngre framover, for at oppholdet deira skal bli litt bedre. Det var dei alle sammen veldig takknemlege for.
På denne julefesten fant vi på mykje moro med dei 13 borna under 15, som til no bur på asylmottaket, vi spelte spel og teikna. Men det beste av alt var kanskje at julenissen kom på besøk med gåver til alle sammen.
I romjula tek vi med desse borna på kino, noko dei såg veldig fram til. Vi har allereie blitt veldig glade i dei, og har aldri før vert så klar til å starte med masse aktivitet etter nyttår!
Merk!! Bileta er lagt ut etter løyve frå foreldre og leiar ved asylmottaket.
Avsluttingsfest for Volda Røde Kors Ungdom

Vi hadde også avsluttings julefest, med pizza, leik, film og dans