(28.08.2008) Denne sommaren har vi i Volda (som ligg i Møre og Romsdal) Røde Kors Ungdom pussa opp rommet våra på Røde Kors huset. Her kan du lese meir og sjå film frå oppussinga og åpninga.
Røde Kors huset i Volda er eit gammalt, men kjempe flott bygg, der Røde Kors Ungdom no har fått sitt eige rom. Vi såg med ein gong at rommet kunne trenge oppussing for å kunne kallast eit ungdomsrom ;)
Så vi fann fram penn og papir og starta planleggjinga i starten av sommaren. I løpet av enkelte regnvèirs-dagar av ferien har vi blant anna fått mala rommet i to nye fargar, kjøpt inn nye møblar og utstyr og pynta med plakatar og anna Røde Kors-stæsj!

Åpninga om rommet var torsdag 21.august. Der var eg (Espen, leiar i Volda RK Ungdom) snorklippar og vi hadde besøk frå distrikts-AUet, Astrid og Britt Eli. Tru det eller ei, men vi hadde nesten 40 besøkande på åpninga! (medlemmar og kommande medlemmar) Nokre av dei mest aktive hadde til og med baka kake :D
Sjå filmen eg har laga frå oppussinga og åpninga, her:
- HUGS å besøke nettsida til Volda Røde Kors (Ungdom), der du blant anna finn aktivitetsplanen vår for denne hausten:
www.rodekors.no/volda
- Og så må du sjå videoen om aktivitetane våra:
http://www.youtube.com/watch?v=H28-0Hp6OlM