Røde Kors Ungdom
Forsiden
Kontakt
Innholdsoversikt
Logg inn
SØK
English      Aktiviteter      Engasjer deg      Aktuelt      Om Røde Kors Ungdom

Send e-post til youth@redcross.no eller ring oss på telefon 22 05 40 00.

Ja takk, jeg ønsker å få Røde Kors Ungdoms nyhetsbrev

Budde 24 timar i eit utstillingsvindauge

Av Espen Andrè Breivik

(05.06.2009) Volda Røde Kors Ungdom hadde laurdag 30. til søndag 31.mai eit stunt for å sette fokus på menneskehandel. Tre ungdommer frå organisasjonen levde eit døgn i eit butikkvindu i Volda sentrum. Bodskapen bak det heile er å spør kor synlig må menneskehandel bli for at vi skal sjå det, og ikke ignorere at det skjer.

Stuntet fekk mykje oppmerksomheit av tilfeldig forbipasserande og køyrande, få visste om at menneskehandel skjer i det heile tatt.

 

Den nest største illegale økonomien i verda

- I følge tal frå FN, ligg menneskehandel på andreplass i lista over største illegale handlar, våpensalg er den største, dette er noko som få veit. Vi meinar at ved å ha aksjoner som denne og spre informasjon, så kan vi til slutt få ein stopper for kjøp og salg av mennesker. Ingen mennesker fortener å bli behandla som daglegvarer, seier leiar i Volda Røde Kors Ungdom, Espen André Breivik.


 

Slaveri skjer i Noreg den dag i dag

- Slaveri er noko folk flest forbind med gamledagar, men vi har det faktisk rett rundt oss også i 2009, seier Espen André Breivik. Han fortel vidare at den mest vanlege formen for trafficing er tvangsprostitusjon, men vi har også eksempel på menneske som må arbeide som tiggara, vaskehjelp, servitørar og så videre, utan å få ei krone for det. Menneske som er utsett for denne handelen blir ofte også dopa ned og frastjolen sine organer, som igjen blir solgt vidare.

 

Volda, Menneskehandel


 

Har ikkje noko val

Det er oftast kvinner og barn, men også menn i sårbare livssituasjoner, som blir lurt med på å tru at de skal få eit betre liv, men blir i staden frakta til for eksempel Noreg, og må leve i fangenskap og selje seg sjølv på gata. Dei utsatte har ikkje noe valg, sidan dei skylder bakmennene gjeld og fordi bakmennene har all informasjon. Derfor må dei mot si vilje selje seg sjølv om og om igjen. I Norge fins det lite hjelp å få for mennesker som er utsatt.

 

Røde Kors Ungdom hadde direktesendt video frå utstillingsvindauget på www.espii.blogg.no, der du fortsatt kan sjå klipp frå livesendinga, på det meste var det 36 stk som såg på.

Ditt navn:
Melding:
Legg inn kommentar
08.06.2009, 18:23 av Roy-André

Dere er råe ass - kult stunt! :)
Upassende innlegg - tips oss!