Røde Kors Ungdom
Forsiden
Kontakt
Innholdsoversikt
Logg inn
SØK
English      Aktiviteter      Engasjer deg      Aktuelt      Om Røde Kors Ungdom

Send e-post til youth@redcross.no eller ring oss på telefon 22 05 40 00.

Ja takk, jeg ønsker å få Røde Kors Ungdoms nyhetsbrev

Æresbevisning for ungdomsarbeid

Av Svein-Egil Jørgensen

(04.05.2010) Elisabeth Flemmen fra Møre og Romsdal har fått Fortenestemedaljen, mellom anna for sitt arbeid med Røde Kors Ungdom.

 

Stort engasjement for Røde Kors

Under festmiddagen til distriktsårsmøtet til Møre og Romsdal Røde Kors, laurdag 10. april, tildelte Generalsekretær Børge Brende Fortenestemedaljen til Flemmen. Brende kunne fortelle at medaljen vart tildelt på grunnlag av sitt engasjerte arbeid for Røde Kors saka i Molde og Møre og Romsdal, og spesielt for sin innsats innanfor ungdomsarbeidet.

 

Betydeleg innsats for ungdomsarbeidet i Røde Kors

Elisabeth Flemmen har vore medlem i Molde Røde Kors siden 1996, i Røde Kors Ungdom på lokalt og distriktsplan, i hjelpekorpset, i distriktsstyret og i distriktet sitt beredskapsutval. Ho har vore nestleiar og leiar i Røde Kors Ungdom og vore operativ leiar i hjelpekorpset. Ho har gjort ein betydeleg innsats i Molde Røde Kors, og spesielt for ungdomsarbeidet i Molde og i Møre og Romsdal.

Elisabeth har ei samlande kraft, som legg heile si sjel i Røde Kors arbeidet, ein med smittende engasjement og som gjer ein skikkelig og grundig jobb i alt ho gjer. Ho er også ein stor pådrivar for ungdomsorganisasjonen på lokalt, distrikt og sentralt nivå. Elisabeth er ein person, som gjennom sitt store og varierte engasjement, har sett Røde Kors verdiane ut i livet til beste for dei Røde Kors er til for.

 

Det er ikkje ofte at Elisabeth L. Flemmen manglar ord i Røde Kors samanheng, og det var ei rørt Elisabeth som takka forsamlinga for medaljen.

Røde Kors Ungdom gratulerer med æresbevisninga!

Ditt navn:
Melding:
Legg inn kommentar