24 timar i eit utstillingsvindauge
Av Espen André Breivik
(27.05.2009) Volda Røde Kors Ungdom arrangerer eit stort stunt for å sette fokus på menneskehandel, og har invitert media og publikum
Kor synleg må det vere for at vi skal sjå det?
Tre ungdommar frå Røde Kors Ungdom skal frå laurdag 30.mai til søndag 31.mai bu i eit utstillingsvindauge i 24 timar, med nettopp bodskapen «kor synleg må menneskehandel vere for at vi skal sjå det?». Røde Kors Ungdom har fått låne IK-reklame sitt vindauge og det meste av media i Noreg er invitert for å dekke saka. Publikum kan også kome og sjå
Følg med i media
Allereie torsdag 28.mai kl.18 skal leiar i VRK Ungdom, Espen A. Breivik vere med i NRK2-programmet Sveip. Forhåpentlegvis blir det enda fleire omtaler i media i løpet av helga.
Kortfilm om menneskehandel
Denne har tidlegare også blitt vist på nrk, trondheim filmfestival og for barne og likestillingsdepartementet, som vi har fått ros frå.
27.05.2009, 20:39 av Camilla H
juhu, dette blir kjempebra! Lykke til!
Upassende innlegg - tips oss!
28.05.2009, 00:35 av Charlott GN
01.06.2009, 00:09 av Knut Sverre
Dette er fantastisk! Strålende jobba, får frysninger av filmen. Stolt av å være i Røde Kors Ungdom!
Upassende innlegg - tips oss!