Røde Kors Ungdom
Forsiden
Kontakt
Innholdsoversikt
Logg inn
SØK
English      Aktiviteter      Engasjer deg      Aktuelt      Om Røde Kors Ungdom

Send e-post til youth@redcross.no eller ring oss på telefon 22 05 40 00.

Ja takk, jeg ønsker å få Røde Kors Ungdoms nyhetsbrev

150 år sida ein idé vart fødd

Av Kristine Heggdal

(22.06.2009) I år blir Røde Kors 150 år. Kristine Heggdal fra Sogn og Fjordane har vært på reise i Solferino, Italia der det hele startet. Les hennes reisebrev her.

I 1859 dro sveitsaren Henry Dunant på forretningsreise. Bakgrunnen for turen gjennom Italia, var eit ynskje om å møte Napoleon III. Han ville diskutere og forhandle om fordelinga av land- og vassrettar i Algerie.

 

Han kom til Solferino på kveldstid den 24.juni, og tok inn i eit hus i byen Castiglione like ved Solferino. Noko av det første han gjorde då han kom fram til byen var å besøke den lokale kyrkja. Det som møtte han var ei overfylt kyrkje av såra og døde soldatar, kor det var kvinnene i byen som stelte dei såra.

 

Solferino

BLODIG SLAG: Slaget ved Solferino, som varte i over 9 timer, førte til nesten 6000 drepte og over 20000 sårede.

 

Det som fanga hans interesse var at dei hadde skilt soldatane frå kvarandre, det vil seie at franskmennene var plassert for seg, sardiniarane for seg og austerrikarane for seg. Og at ein hjelpte desse gruppene ut i frå kven ein tok parti med, noko som fall heldig ut for dei italienske og franske soldatane. Dunant godtok ikkje dette, og kom derfor med slagordet ”Tutti Fratelli”, som tyder ”vi er alle brør”. Han var nøye på at alle såra skulle hjelpast, venn så vel som fiende. Og han brukte desse orda for å få kvinnene i Castiglione til å hjelpe alle såra uansett nasjonalitet.

 

Kyrkja i Castiglione

Kirken i Castiglione.

 

Mi reise, mine tankar


Den 30. april reiste eg på ein studietur til Solferino i Italia, saman med ei gruppe Røde Korsarar frå Sogn og Fjordane. Turen var ei gåve frå Røde Kors for beste resultat i medlemsvervingskampanjen  i 2008. Turen gjekk med fly frå Bergen til Milano, og vidare med buss til Mantova, i Lombardia.

 

Å vere på vandring i det same område, 150 år etter dette brutale slaget, var ei stor oppleving for ein ung Røde Korsar. Gjennom opplæring i Hjelpekorpset og Røde Kors Ungdom har eg ofte høyrt om slaget og korleis Røde Kors ideen kom til. Det å få sjå desse landområda som i dag er så vakre at dei kan ta pusten frå ein, samstundes som ei minnes dei grufulle hendingane som ein krig er gjer med audmjuk som menneske og Røde Korsar. Dette har ført til eit mykje sterkare kjærleik til ideen og organisasjonen.

 

Minnekirken i Solferino

Minnekirken i Solferino.

 

Inne i Kirken

Inne i kirken er hodeskaller utstilt.

 

På denne turen var vi innom museet Museo Internazionale. Der fekk vi høyre om forholda korleis dei såra vart tatt hand om, korleis Henry Dunant reagerte på dette og kva han gjorde. Vi fekk også sjå kva hjelpemidlar dei hadde og korleis dei transportert såra frå slagmarka til kyrkjene. I museet var det også kopiar av fredsprisane som Røde Kors og Dunant har fått.


Etter dette besøket vandra vi gjennom gatene i Castiglione for å sjå kor han budde og til kyrkja som var hans første møte med dei såra og dei hjelpande.

 

Frå Castiglione reiste vi til Solferino. Det som møte meg her var eit vakkert og fredeleg jordbruksområde. Slaget stod mellom dei to tårna, der det eine er i Solferino og det andre i San Martino. Målet for dei krigande var å få kontroll over tårna, hadde dei det så hadde dei vunne krigen. I 1859 låg det att på dette området rundt 40.000 soldatar som enten var såra eller døde. Medan de såra vart frakta til kyrkjene i området vart dei døde samla i brønnar. Restane etter desse er no samla i to minnekyrkjer, ei i Solferino og ei i San Martino. På kyrkjeveggen ved inngangspartiet til minnekyrkja i Solferino står det ”Inter arma caritas” – ”barmhjertighet blant våpen”, eit av Dunant sine ”ord” henta frå boka ”Minner frå Solferino”.  I Solferino, rett nedanfor tårnet, er det laga ein minnelund kor alle nasjonalforeiningane har sett opp ei plate med namnet sitt på. Her samla vi oss og hadde høgtlesing frå Henry Dunant si bok.

 

Solferino

 

På denne reisa var vi også innom Verona, her møtte vi på representantar frå Italiensk Røde Kors som alt hadde starta på 150 års markeringa. Det er alltid ei oppleving å møte Røde Korsarar frå andre land, og sjå med eigne auge at Røde Kors er Røde Kors uansett kor i verda ein kjem.


Slik har ideen til Henry Dunant gått i oppfylling:
”Skulle det ikke i fredstider være mulig å danne hjelpeforeninger bestående av frivillige og godt kvalifiserte personer som i krigstider skulle stå for pleie og stell av de sårede?” 

Ditt navn:
Melding:
Legg inn kommentar