På godt norsk delte han si begeistring for tiltaket, -det er hyggeleg å bli invitert her det er pynta og god mat, med masse folk, fortel han. Zazai legg ikkje skjul på at nordmenn kan vere noko meir inneslutta folk enn folk i andre kulturar som han sjølv er vant med, -det kan vere vanskeleg å bli kjent med nordmenn, ja.

Bilde: Espen André Breivik (Volda Røde Kors Ungdom)
Pinnekjøt og surkål
Fleire var skeptisk stil surkålen, men Zazai forsynte seg av det meste av den tradisjonelle norske julematen. -Eg har spist mat som dette før, i fjor og spesielt mykje no dei siste dagane. I Afghanistan, der eg kjem frå, har vi også mat som liknar på dette, pinnekjøt som både er tørka eller ikkje-tørka, forklarer han. Den norske kulturen, som julefeiringa, som å gå rundt juletreet, er han svært fascinert over.
Født med ski på beina?
18-år gamle Zazai har fleire fritidsaktivitetar han likar å halde på med i Volda. Først og fremst er han oppteken av å gå på skule og studere, der spesielt matematikk og samfunnsfag interesserer han. -Eg likar også å drive med fysiske aktivitetar, som å stå på ski, fortel han. På kort tid lærte han seg teknikkane betre enn sine omsorgsansvarlege, skal vi tru dei sjølv. I tillegg likar han å gå på Rokken, på cafe, vere frivillig i Røde Kors Ungdom eller følgje med på politikk og kva som skjer i samfunnet, han set pris på det politiske miljøet i Noreg, viser han uttrykk for.
Inspirasjonssamling for migrasjonsaktiviteter 23.- 25. mars 2012 i Oslo (obs ny dato!)
Har du lyst til å gjøre en forskjell for minoritetsungdom i lokalmiljøet ditt? Vil du sette asyl- og innvandringsspørsmål på dagsorden og bidra til debatt og engasjement der du bor? Lyst til å starte opp eller styrke lokal aktivitet som inkluderer minoritetsungdom på asylmottak eller i lokalområdet? Da er inspirasjonssamlingen for migrasjon og flerkultur noe for deg!
For program og informasjon om hvordan du kan melde deg på, følg med på våre hjemmesider!