Røde Kors Ungdom
Forsiden
Kontakt
Innholdsoversikt
Logg inn
SØK
English      Aktiviteter      Engasjer deg      Aktuelt      Om Røde Kors Ungdom

Send e-post til youth@redcross.no eller ring oss på telefon 22 05 40 00.

Ja takk, jeg ønsker å få Røde Kors Ungdoms nyhetsbrev

Røde Kors Ungdom møtte Halvorsen

Av Røde Kors Ungdom i Volda

(18.08.2010) Tysdag 17.august møtte Røde Kors Ungdom i Volda kunnskapsminister Kristin Halvorsen. Ungdommane snakka om samfunnsproblem dei møter på gjennom aktivitetar, og då spesielt innan skulepolitikk.

 

Møter på utfordringar

I forbindelse med Halvorsen sitt besøk i Volda, for å opne det nye høgskuleåret, fekk aktive frå Røde Kors Ungdom i Volda møte ministeren. -Gjennom vår aktivitet lokalt, nasjonalt og internasjonalt møter vi på mange samfunnsproblem, og har ut ifrå det utvikla denne politiske plattformen, sa Espen André Breivik, leiar i Røde Kors Ungdom i Volda, til ministeren.

 

 

 

Vil forbetre skulen

Breivik overleverte Røde Kors Ungdom sin politiske plattform, der dei hadde markert punkt som handla om skule. Spesielt handler dette om seksualundervisninga, men også i forhold til nordmenn sine kunnskaper om migrasjon og krigens regler. Kristin takka og rosa dei engasjerte ungdommane. Ho såg gjennom mappa og kjente seg igjen i fleire saker ho har engasjert seg i. -Eg trur ikkje det er noko her eg er ueinig i.

 

 Kristin Halvorsen glad for å møte Røde Kors Ungdom

 

Halvorsen kasta sine fordommer

Før kunnskapsministeren måtte skunde seg vidare til neste møte, tok ho Røde Kors Ungdom si utfordring om å kaste sine fordommar. Ho skreiv ned sine fordommar på ein lapp og kasta det i ein søppelsekk som ungdommane hadde med. Dette for å symbolsk kvitte seg med fordommane og ikkje førehandsdømme andre like lett neste gong.

 

 

Vellukka møte

Breivik og dei andre ungdommane som var med, var svært nøgd med å møte sjølvaste kunnskapsministeren. -Det er flott at ho lovar å ta dette vidare. Når vi driv slik informasjonsarbeid, er det av og til godt å kunne snakka direkte med dei som har makta, fortel Espen.

 

 

Utfordrar andre til å gjere det same

-Eg leste i avisa at Kristin Halvorsen skulle komme til Volda, og tenkte at her må Røde Kors Ungdom få til noko. Eg kontakta Volda SV for å høyre om dette var mogleg. Eg snakka då med Ingrid Opedal, som vi tidlegare har hatt besøk av på Røde Kors huset, då ho snakka om fairtrade. Ho var ivrig med på at her måtte vi få til eit møte. Dette er eit bevis på at ein får eit godt nettverk av å invitere fagpersonar til å kome på Røde Kors møter, fortel Breivik.

 

I ei periode var det usikkert om Røde Kors Ungdom fekk møte Halvorsen i det heile tatt, på grunn av ein veldig stram tidsplan. Men i siste sekund var det Halvorsen sjølv som gav grønt lys for å møte oss. -Det er slikt ho likar. Å møte engasjert ungdom, fortel sekreteren. -Vi fekk fem minutt utanfor Volda turisthotell, men det var nok. Vi tok jo med oss foto- og filmkamera, så vi får foreviga augeblikket og sendt det til diverse presse. Så no vil eg berre oppfordre andre Røde Kors Ungdommar til å gjere tilsvarande kule aksjonar, avslutta Espen.

 

 

 

Sjå film frå møtet mellom Røde Kors Ungdom og Kristin Halvorsen:

 

 

Ditt navn:
Melding:
Legg inn kommentar