Røde Kors Ungdom
Forsiden
Kontakt
Innholdsoversikt
Logg inn
SØK
English      Aktiviteter      Engasjer deg      Aktuelt      Om Røde Kors Ungdom

Send e-post til youth@redcross.no eller ring oss på telefon 22 05 40 00.

Ja takk, jeg ønsker å få Røde Kors Ungdoms nyhetsbrev

Nei til menneskjehandel

Av Kjersti Gausvik, Tromsø Røde Kors Ungdom

(19.11.2008) Norslys 27.10 2008: Slavetida er ikkje over endå. FN anslår at om lag fire millionar menneskjer årleg vert utsette for moderne slaveri.

I fjor vart det oppdaga 150 tilfeller av moderne slaveri i Noreg, dei aller fleste var kvinner, og om lag 60 var born og nokre var menn. Kor tydleg må det vere før ein auga opp, handlar, og får ein slutt på moderne slaveri? Det at menneskjer vert kjøpt, trafikkert og seld i 2008 er faktisk ikkje greitt!

 

Menneskjehandel skjer i ulike formar; mellom anna tvangsarbeid, sal av spedborn, sal av kroppsorgan, eller den mest kjende og ettertrakta varen, nemleg sexhandel. All sexhandel er ikkje menneskjehandel. Men korleis kan ein vita at den kvinna eller den mannen ein plukka opp langs gata, eller møter på eit hotellrom eller i eit husvære ikkje er eit offer for nettopp menneskehandel? Då ein anslår at 80 prosent av offera for menneskjehandel er kvinner og born. At om lag 70 prosent av dess vert utnytta i prostitusjon og andre seksuelle ytingar i den globale sexindustrien.

 

Ofra for menneskehandel har vore lova eit betre liv i eit anna land. Mange trur dei skal jobba i serviceyrke, som hushjelp eller modell. Nokre veit at dei skal inn i sex- industrien, men, dei veit ikkje at dei vil få inga eller lita betaling. Dei veit ikkje at truslar, vald, frårøving av røyrslefridom, og råderett over eigen kropp kan vert ein del av kvardagen. Mange vert slått, valdtekne, innesperra og utsvoltne inntil dei gjer som dei kriminelle krev. Ofre for menneskjehandel vert heldne i eit jerngrep av psykisk og/eller fysisk terror.

 

Får ein førespurnad om billege tenestar har ein allgrunn til å vere skeptisk, viss ein ikkje ynskjer å støtta oppom verdas nest største illegale økonomi. Då FN anslår at om lag 700.000 menneskjer vert trafikkert til Vest – Europa. Noreg er eit attraktivt land, særskilt i forhold til tvangsprostitusjon på grunn av høg kjøpekraft og det faktum at få saker har vorte avdekka, og ført for retten. Menneskjehandel er ikkje eit Oslo fenomen, det skjer i vår by Tromsø og andre stadar i Nord-Noreg. Kvinner vert trafikkerte rundt frå stad til stad for å selja sine seksuelle tenestar til menn frå, - og på reise i Nord-Noreg.

 

Røde Kors Ungdom ynskjer at alle i Noreg skal få auga opp for handelen som skjer, og seie eit klart nei til menneskjehandel. Me ynskjer at dykk ikkje skal akseptera at menneskjer vert kjøpt, trafikkerte og selde. Moderne slaveri er ikkje akseptabelt!

 

Nei til menneskjehandel.

Ditt navn:
Melding:
Legg inn kommentar