Menneskehandelsteamet ved Hvalstad transittmottak kjem med kvass kritikk av myndigheitene si handtering av moglege offer for menneskehandel. I årsrapporten frå 2008 peiker dei på at arbeidet sviktar på fleire område:
* Identifiserte offer for menneskehandel får ikkje tilstrekkeleg advokathjelp.
* Det er for få eigna plassar i barnevernet og på asylmottak. Offer for menneskehandel blir ofte plassert på opne rusinstitusjonar som ikkje har kompetanse på området.
* Det er vanskeleg å få gjennom akutte barnevernsvedtak i Fylkesnemnda for sosiale saker.
* Barnevernet har ikkje høve til å bruke skjønn.
* Kommunikasjon mellom Utlendingsdirektoratet (UDI) og asylmottaket er for dårleg.
* Barn som forsvinn blir ikkje alltid etterlyst av politiet.
Urimeleg
Advokat Joakim Ronold har arbeidd med saker knytt til menneskehandel i fleire år. Han meiner likeeins med det som står i rapporten at dei tre timane med gratis rettshjelp som offer for menneskehandle har krav på for å vurdere om dei vil anmelde, er alt for lite.
- Det er urimeleg å måtte sitje og telje timar og å ha problem med å få godskrive dei timane ein bruker, seier Ronold.
Han peiker på at ofra ofte har dårleg erfaring med politi og rettsvesen i heimlandet, i tillegg til at dei blir pressa av bakmenn.
- Det tek lang tid å vinne tillit og å få desse personane til å stole på det norske systemet, seier han.
Ifølgje Menneskehandelsteamet er det for lite spesialisering i barnevernet, og ofra blir ofte sendt til opne institusjonar som er retta mot åtferdsavvik og rusproblematikk.
For å førebyggje forsvinningar der det er mistanke om menneskehandel, trengst det eit vedtak frå barnevernet for akuttplassering som i dei fleste tilfelle blir gjort ved tvang.
Slik vedtak har synt seg vanskelege å få gjennom. I rapporten har to personar forsvunne som følgje av dette.
I tillegg blir Fylkesnemnda kritisert for manglande kunnskap om menneskehandel, og at det ofte er avgjerande å bruke tvang i saker knytt til det.
- I 2008 er det gjennomført kompetansehevande tiltak i regi av fylkesmannsembeta. I tillegg har Bufetat gitt fagteama påfyll av kompetanse i høve til å handtere ungdommar som kan vere utsett for menneskehandel, seier assisterande direktør Oddbjørn Hauge i Barne-ungdom og familiedirektoratet.
Ungdommar som nærmar seg 18 år skal ha auka sjølvbestemmelsesrett, men Menneskehandelsteamet uttrykkjer i rapporten at denne retten bør tolkast annleis i saker med menneskehandel fordi dei ofte er under press frå bakmenn. Ifølgje rapporten er det difor naudsynt med ein meir omfattande bruk av tvang.
Forsvinn på vegen
Trass i at sakshandsamarar frå UDI har meldt ifrå når det har vore mistanke om menneskehandel, så mottok ikkje Hvalstad transittmottak nokon av desse i løpet av 2008.
- Vi må sjå på dei konkrete sakene der rapporten viser til at det har svikta og gjere så godt vi kan at ikkje skjer igjen. Bakgrunnen for at det kan ha skjedd glippar den store auken i talet på einslege mindreårige asylsøkjarar, seier avdelingsdirektør i UDI, Siri Rustad.