Røde Kors Ungdom
Forsiden
Kontakt
Innholdsoversikt
Logg inn
SØK
English      Aktiviteter      Engasjer deg      Aktuelt      Om Røde Kors Ungdom

Send e-post til youth@redcross.no eller ring oss på telefon 22 05 40 00.

Ja takk, jeg ønsker å få Røde Kors Ungdoms nyhetsbrev

Motiverande stemne for ungdommane i Nyeri

Av Ragnhild Stadheim

(06.03.2007) Ein kenyansk artist, to norske ungdomsdelegatar, tolv frivillige og 760 ungdomsskule elevar er samla til det største ungdomsstemnet for Røde Kors-skuleklubbar som er blitt holdt i Nyeri. Målsetninga med arrangementet er å fremme vennskap og forståing både nasjonalt og internasjonalt innan Røde Kors i Kenya.

Spent stemning, trippande bein og nervøs summing. 760 jenter og gutar ventar på nokon dei har hørt om, men aldri sett i live. Han held dei på pinebenken ei stund, kanskje litt for lenge meiner nokre, men han sviktar ikkje. Hyling, roping, klapping og hopping er det som møter ein av Kenya sine mest kjente artistar, Vinnie Banton, når han entrer scena på Othaya Girls secondary school i Nyeri. Stemninga er på topp og elevane som deltek på Røde Kors ungdomsstemnet dansar og syng med til artisten sin rytmiske opptreden.


Frå planlegging til action

Det er ein ganske vanleg laurdag i Nyeri, men for Røde Kors ungdommane, samla frå 13 skular i distriktet, er den spesiell. Nokre har reist langt, medan andre har betalt for eigen transport for å kunne delta.

Med hjelp av ungdomsdelegatane frå Noreg har dei frivillige og ansatte i Nyeri jobba hardt for å få satt saman denne dagen for elevane. Mykje planlegging, brevskriving og telefonering har måtte til for å få alt på plass, og etter det har det berre vore å krysse fingrane for at alt skal gå som planlagt.

Avdelingsleiar for Nyeri Røde Kors, Rose Nyingi, har fått ansvaret for å opne arrangementet og introduserer samtidig teamet av frivillige som er med denne dagen for å hjelpe til. Deltakarane blir også ønskt velkommen av rektor ved skulen, i tillegg til motiverande og oppfordrande ord frå Ungdomsleiar i Kenya Røde Kors, Moses Kesekwa. Etter innleiande talar er det tid for å friske opp elevane sine kunnskapar om Røde Kors organisasjonen, og dei frivillige frå Nyeri har ansvaret for å leie denne biten. Dei ulike delane av organisasjonen blir gjennomgått, likså historia og oppbygginga av Kenya Røde Kors og ungdommane sitt 4-delar ungdomsprogram.


Opptrednar, quiz og Vinnie Banton

Elevane sitt ikkje som passive deltakarar. Alle skulane stiller opp med program, enten med dikt, songar eller sketsjar. Kreativiteten er det absolutt ikkje noko å seie på og tilskuarane er med til det fulle. Dei ulike tema som blir tatt opp reflekterer Røde Kors og deira arbeid med både hiv/aids og dei sju prinsippa. Heile sekvensen blir knytta saman av nokre av dei Røde Kors frivillige, som held oppe stemninga og interessa til tilhøyrarane med introduksjonar av innslaga, energizere og humoristiske kommentarer. Ein av ungdomsdelegatane frå Noreg, Lene Steimler, har i tillegg laga ein Røde Kors quiz for å teste ungdommane si konsentrasjonsevne. Kvar skule får delta med ein elev, og dei blir inndelt i tre lag. Elevane blir testa i kunnskapar om Røde Kors historia og organisasjonen, Kenya Røde Kors og hiv og aids. Vinnarane får utdelt melkesjokolade, Røde Kors-drops og buttons frå Norges Røde Kors som premier.

Høgdepunktet kjem likevel etter lunsj når elevane har fått nyss om dagens overrasking, som er ein opptreden av den kenyanske artisten Vinnie Banton. Han har også stilt opp som frivillig og underheld elevane med songar frå sitt nye album. Elevane er ikkje redde for å bevege seg til rytmane og deltek til siste slutt. Det blir ei flott avslutning på ein vellykka dag for dei 760 Røde Kors ungdommane, ein dag som styrker motivasjonen, inspirasjonen og gleda av å vere frivillig ei god stund framover.

Ditt navn:
Melding:
Legg inn kommentar