Røde Kors Ungdom
Forsiden
Kontakt
Innholdsoversikt
Logg inn
SØK
English      Aktiviteter      Engasjer deg      Aktuelt      Om Røde Kors Ungdom

Send e-post til youth@redcross.no eller ring oss på telefon 22 05 40 00.

Ja takk, jeg ønsker å få Røde Kors Ungdoms nyhetsbrev

Maksimal utnytting av minimale ressursar

Av Ragnhild Stadheim

(27.03.2007) Røde Kors i Mweiga, Kenya bør vere eit godt forbilde for mange jordbrukarar i vårt århundre. Med minimale ressursar har dei klart å gi eit tilbod både til det lokale markedet og gi næringsrik mat til hiv-smitta menneske i nærmiljøet.

Det er ikkje få utfordringar i å starte eit prosjekt uten kapital eller sponsorar, men har ein viljen kan det meste vere mogleg. Mweiga er ein liten landsby, nord for byen Nyeri i det sentrale Kenya og dei fleste av innbyggarane her driv små-skala jordbruk. Her har også Røde Kors dyrka opp eit stykke jord. Åkeren er eit verkeleg flott syn og det er imponerande å sjå dugnadsånda til dei frivillige. Prosjektet har gitt muligheiter både for hiv-smitta i Mweiga og gitt inntekter til gruppa si vidareutvikling av åkeren.

Salg og donasjoner

"Alt vi har gjort no på det lille jordstykket vi har fått, har vore basert på frivillig arbeid av medlemmane våre. Vi kunne nok ikkje gjort mykje hadde vi ikkje fått små donasjoner frå frivillige til å drive prosjektet vidare", seier Jane Chokwe, styreleiar i Røde Kors Mweiga engasjert.

Røde Kors-gruppa har solgt noko av dei dyrka grønsakene på det lokale markedet. Så langt har dei tent ca. 250 norske kroner som har blitt brukt på å drive prosjektet vidare med å kjøpe inn gjødsel og fleire frø. Det har ikkje vore lett å få solgt produkta sidan mange av varene allereie er i overflod på markedet. Det er likevel ikkje berre det som er viktig. Gruppa har donert bort mykje av grønsakene til menneske i samfunnet som er smitta av hiv/aids.

Røde Kors-gruppa i Mweiga har knytta til seg rundt 40 hiv/aids smitta menneske som kan motta eller sjølve plukke grønsaker til eige forbruk.

"Desse grønsakene har eit svært rikt næringsinnhald og er med på å styrke immunforsvaret, noko som er viktig for dei smitta. Vi har også planer om å plante fleire slike grønsaker, blant anna greskar", seier Chokwe.

Utfordringar i starten

Ideen om å starte med ein inntektsbringande aktivitet i Røde Kors-gruppa kom i 2003, og året etter donerte to av medlemmane eit stykke jord av sin eigen eigendom som skulle brukast som eit treplantingsfelt. Dei frivillige samla saman pengar og kjøpte så inn frøa som skulle plantast. Dessverre tørka mange av dei opp på grunn av dårleg vedlikehald.

"Ei av dei største utfordringane våre var å kunne vedlikehalde plantene, og vi ansatte ein til å gjere dette for oss. Det viste seg dessverre at denne personen ikkje var pålitelig og gjorde det nødvendige arbeidet, så vi måtte ta over ansvaret sjølve," seier Jane Chokwe.

Treplantingsfeltet blei flytta i 2006 til ein nærliggande skule og det gamle jordstykket blei omgjort til ein grønsaksåker. Frøa gror no bra og vil sannsynligvis kunne bli solgt etter regnperioden i april. Talet frø er heile 15-20,000, og har blitt planta og teke vare på av frivillige med hjelp frå elevar ved skulen.

 

Arbeidskraft i ungdommen

Gruppa set stor pris på jordstykke som blei donert til dei i utgangspunktet. Dei har heller ikkje kapital til å kunne ansette nokon permanent for å ta vare på åkeren. Dette gjer at dei frivillige har sjølve teke ansvaret for vedlikehaldet som luking, vatning, planting og innhausting. Mykje tid har blitt brukt på å få åkeren i stand og å kunne oppretthalde standaren. Det å vere frivillig vil også seie at ein bruker av den tida ein har til overs og mange av dei involverte frivillige har derfor vore ungdommar.

Jeff Muta, styreleiar i Mweiga Røde Kors ungdom er ein av dei som har teke initiativ for å samle ungdommane til å drive arbeid i åkeren.

"Ungdommane har vore svært hjelpfulle og villige til å møte opp for gjere prosjektet ein suksess. Det er ein del av våre inntektsbringande aktivitetar og har også vore til stor hjelp for dei hiv-smitta i samfunnet. Vi håper verkelig å kunne vere med på å utvikle prosjektet vidare," seier Jeff Muta.

Ungdommane har sjølve teke ansvaret for å samle seg og jobbe i åkeren når dei har tid. Luking og spreiing av gjødsel er viktig for at jorda skal vere fruktbar og at grønsakene skal gro. Med eigne reiskap og gjødsel som er blitt spleisa på, viser dei stort engasjement for å ta i eit tak for fellesskapet.

 

Framtidsplanar

Planar om å utvide prosjektet er allereie i gang. Gruppa har fått enda eit stykke jord til disposisjon og vil fortsette å dyrke nye sortar grønsaker.

"Vi vil gjerne ha eit stykke jord spesifikt for sal på markedet for å kunne oppretthalde den andre åkeren og fortsette å kunne gi næringsrike grønsaker til dei hiv-smitta", seier Chokwe.

Med det aukande talet hiv-smitta i Kenya kvar dag er det sikkert at åkeren i Mweiga vil vere viktig og komme desse menneska til gode i framtida også, som næringsrikt kosttilskudd.

Ditt navn:
Melding:
Legg inn kommentar