Røde Kors Ungdom
Forsiden
Kontakt
Innholdsoversikt
Logg inn
SØK
English      Aktiviteter      Engasjer deg      Aktuelt      Om Røde Kors Ungdom

Send e-post til youth@redcross.no eller ring oss på telefon 22 05 40 00.

Ja takk, jeg ønsker å få Røde Kors Ungdoms nyhetsbrev

Fanga i nettet til Lamu Røde Kors

Av Ragnhild Stadheim

(19.04.2007) Utstyrt med nett, korger og klorin stilte ungdommane på Lamu opp til opprydning i dei sårt trengte brønnane rundt om på øya. Sjokkerande syn, god innsats og imponerande resultat kan kort oppsummere aktiviteten Lamu Røde Kors utførte fredag formiddag 23.mars.

”Drikk folk verkelig dette vatnet her?” Det var min aller første sjokkerte tanke når eg såg ned i ein av brønnane vi hadde begitt oss ut for å rydde opp i som ein av aktivitetane saman med Røde Kors ungdommane frå Lamu. Målet vårt denne dagen var å rydde opp i og tilsette klorin i nokre av byen sine offentlige brønner som ein aktivitet for å assistere nærmiljøet, og samtidig fokusere på sanitasjon og folk si helse.

 

Plankar, bøtter og plastikk i drikkevatnet


Vi hadde som utgangspunkt fått ei liste over brønnar frå the Public Health Department på Lamu. Lista hadde utpeika brønnar som var mykje brukt og sårt trengte opprydning. Vi kunne raskt lokalisere at dei offentlige brønnane var mykje meir utsatt for søppel og rusk enn dei privat eigde brønnane.

Eg veit ikkje heilt kva eg hadde forestilt meg å sjå, men store plankar, bøtter, plastikkposar, palmeblad og gummibitar som låg og flaut var det i alle fall ikkje. Vatnet såg absolutt ikkje drikkandes ut og helserisikoen verka svært stor. Brønnane er ikkje tildekt for at vatnet skal kunne regulere og oppretthalde sitt eige økosystem ved hjelp av sollys. Dette gjer at flygande objekt og slepphendte hender lett kan føre til at brønnane til slutt ser ut som ei søppelbøtte i steden for drikkevatn for innbyggarane på Lamu. 

 Netta var nyttige for å kunne fjerne søppelet frå brønnaneNetta var nyttige for å fjerne søppelet frå brønnane

 

Rundt brønnane og ned i brønnane


Public Health Department hadde gitt oss klorin for å kunne desinfisere vatnet i brønnane vi rydda. Dei 13 frivillige som stilte opp under aktiviteten hadde i tillegg utstyrt seg med korger til søppelet, river, stige, nett som var knytta i ei lang stang til å fange opp rusket i botn av brønnane og hanskar. Medan nokre plukka søppel rundt sjølve brønnane, fanga andre opp rusket ned i brønnane med nett. Det var likevel ikkje så lett å få opp alle dei store tinga som hadde havna oppi, så til slutt måtte ein av dei frivillige rett og slett klatre ned i nokre av brønnane og hente ut søppelet. Etter at det verste hadde blitt tatt ut, blei klorinen tilsatt for desinfisering. Det var gledelig å sjå den store forskjellen og det reine resultatet.

”Dette er ein svært viktig aktivitet og vi burde absolutt fortsette med den”, seier Abdul Asis ein av dei frivillige som var med på opprydninga og klatra ned i brønnane for å hente ut søppel. ”Sidan brønnane ikkje er tildekt for at folk enkelt skal kunne hente opp vatn og også ha tilgang på sollys, havner det mykje rusk ned i brønnane. Skittent vatn fører også til at insekt og likande ynglar og derfor er det viktig å reinse vatnet for å unngå utbrudd av sjukdommar som for eksempel malaria”, legg Abdul til.

 

Fokus på reint vatn, helse og Røde Kors

Aktiviteten satte fokus på helse og sanitasjon og viktigheita av reint vatn. Det var også ganske tydelig at dette var nødvendig med tanke på det vi fant i brønnane vi rydda. Det var ein enkel gjennomførbar aktivitet som tok oss ein formiddag og gav raskt synlege resultat og altså noko som ein enkelt kan fortsette med som ein aktivitet i framtida. Samtidig fekk ein også promotert Røde Kors for nysgjerrige, interesserte og hjelpfulle forbipasserande gjennom å utføre ein aktivitet som tener nærmiljøet. Reint vatn er ei nødvendigheit kvart enkelt menneske har krav på og ungdommane i Røde Kors på Lamu kunne med enkle grep og frivillig innsats assistere nokre få på vei denne dagen.

Ditt navn:
Melding:
Legg inn kommentar