(17.02.2007) Første desember er som kjent Verdas aidsdag, og i Røde Kors Ungdom i Yerevan så vel som i resten av verda skjedde det store ting.
Dei unge frivillige møttest på Røde Kors kontoret på formiddagen og vart delte inn i grupper med kvart sitt ansvarsområde av byen. Kvar gruppe var utstyrt med postkort og plakatar me hadde laga for dagen, og kondom og raude sløyfer.
Kort vart delte ut i kafear, på gata og i universitet, og plakatar hengde opp på sentrale stader i byen. Til og med marshrutkaer, minibussar som er viktige framkomstmiddel i Yerevan, køyrde rundt med plakatar med ein viktig bodskap denne dagen.
Dans og lær
På ettermiddagen var det hektisk aktivitet på Røde Korskontoret igjen.. I fleire dagar hadde me spreidd informasjon om kva som skulle skje på Gaudi Club på Verdas aidsdag, og no skulle kveldens store event gjennomførast. Inngangsbilletten var kortet vårt med ”a useful surprise” stifta fast, og alle fekk tilbod om å vera med på ein quiz der kunnskap om hiv og aids var i fokus.
På storskjerm rulla filmen MTV hadde laga for aidsdagen (noko sensurert for armenske auge) og informasjon om hiv og aids. Veggane var dekorerte med ballongar og plakatar, og brosjyrar, nyhetsbrev og kondom var tilgjengeleg på eit informasjonsbord.
Nærare 200 folk av alle aldrar og folkegrupper i Yerevan kom og fylte dansegolvet i klubben til langt på kveld, og både ungdomsdelegatar, gjester og frivillige var stornøgde med kvelden.