- Eg synest det var fantastisk kjekt å endeleg få gjera litt ekstra stas på gjengen som alltid er så positive og aktive for å gleda andre, sier Ann-Kristin Stensen, leiar i besøkstjenesten på Bømlo.
FOTO: Ann-Kristin Stensen
Mand. 14/9 var det duka for blåtur for medlemmane i Bømlo Røde kors Besøkstjeneste.
Alle hadde fått beskjed om å stille på Røde kors huset Kl 1800.
I da strålande veret samlast etter kvart 10 spente damer mellom 60 og 80 år seg i solveggen utafor Røde kors huset. Mange trudde nok me skulle over til Stord å eta kinamat eller liknande, spekulasjonane gjekk livlig, og vart nok ikkje mindre då lokalavisa også dukka opp.
Kl 1805 trilla så 7 brumlande knalltøffe Amerikanske bilar inn på tunet, eg prøvde og sei at : SKAL ME PÅ TUR , SÅ SKAL ME PÅ TUR, DÅ SKAL ME REISA STANDSMESSIG! Men stemma mi drukna , jubelen sto i skyene. Då leiaren i den lokale Am-car klubben så hoppa ut av sin svarte Trans-am og ba damene velja seg ein bil, var allereie turen ein suksess.
Etter ein times Crusing med mykje vinking å ”haloy” til alle forbipasserande kom me til Moster, der Moster sogelag tok i mot oss, og viste oss inn i ein nedlagt butikk som dei har gjort om til eit lite og koseleg museum for lokalhistorie. Her var samla mykje spennande, frå sjøfart og fiske, jordbruk, butikk ,kyrkjehistorie, hus og heim. Etter omvisninga fekk me servert kaffi og kaker . Ei av damene prøvde da gamla orgelet som sto der
og då vart da litt improvisert allsong og.
Etter ein god time på Moster gjekk turen heimover igjen, damene bytta bil på heimturen og da vart mykje ”lått og løye”. Fremst i kortesjen ein raud liten Chevrolet Corvette, kabriolet, etterfylgt av ein svart pontiac Trans-am, ein kvit Buick, ein raud Buick, ein raud Ford Mustang kabriole, ein mørk raud Camaro kabriole og til slutt ein til svart Trans-am. (må og ha med at Am-car klubben stilte opp heilt gratis!
