Her finner du oss
RØFF
RØFF

Vossestrand Røde Kors Hjelpekorps startar hausten 2011 opp ein ny aktivitet: RØFF.

RØFF står for Røde Kors Friluftsliv og Førstehjelp, og er eit tilbod til ungdom mellom 13 og 16 år. Aktiviteten skal gje ungdommane grunnleggjande kompetanse innan friluftsliv og fyrstehjelp, og i tillegg læra dei å trivast i naturen.

RØFF-gruppa vil styre sine eigne aktivitetar, men vil også kunne delta på  hjelpekorpset sine øvingar og medlemskveldar. Medlemmane vil såleis vera godt førebudde til ei framtid i hjelpekorpset når dei kan takast opp som aspirantar.

Hildegunn er utnemnd til RØFF sin kontaktperson i styret i hjelpekorpset. Meir informasjon om RØFF vil komma etter kvart.

Ta kontakt