Her finner du oss
Om lokalforeininga
Vossestrand Røde Kors Hjelpekorps vart skipa 6 juni 1950 av Ernst Kristiansen. På denne tida arbeidde han på Framnes Kurstad og han hadde erfaring frå Oslo Røde Kors. Han tak initiativet saman med Lars G. Engeland og Helge Hjeltnes. Og sjølv om det ikkje var ein strending som skipa dette laget har mange strendingar gjort ein god innsats sidan den gong.

Hjelpekorpset starta på "bar bakke" og det måtte kjøpast inn materiell og utstyr. Den fyrste materiellbestillinga vart sendt til Hjelpekorpsavdelinga i Oslo 16.10.1950. Det var i fyrste omgang materiell til 15 enkeltmannsvesker, 2 lagsvesker og 1 troppsveske + lager til påfylling. I utdraget frå den fyrste årsmeldinga for 1951, som var det fyrste arbeidsåret, kan ein lesa at korpset hadde 25 aktive medlemmar (17 menn og 8 kvinner). I tillegg var det 10 passive medlemmar.

Utrykningsmaterialet betra seg etter kvart, og laget fekk også stilt til rådvelde sokningsutstyr hjå lensmannen. Etter kvart fekk ein råd til å kjøpa walkie-talkie-apparat på midten av 60-talet, og det var eit stort framstig sjølv om rekkjevidda ikkje var så stor. Alt frå starten var det eit godt samarbeid med nabokorpsa både i samband med øvingar og ikkje minst under utrykkingar. Særleg har det vore eit nært og godt samarbeid med hjelpekorpset på Voss. I dei fyrste 20 åre var det mange strabasiøse oppdrag, både til fots og på ski. Men vinteren 1969/1970 byrja ein ny epoke i hjelpekorpset si historie: det vart då kjøpt snøscooter! Den fyrste snøscooteren i laget var "Bamse," som kosta kr. 12 000. Dette var mykje pengar på denne tida.

I referatet frå ei øving i Oppheimsdalen 1 februar 1970 står det å lesa:
"5 mann vart snørekøyrde etter snøscooteren utover vegen på Oppheimsdalen. Snøscooteren svara til forventningane, han var rask og kraftig, så han rusla utover dalen med lass på kjelken og 5 mann på ski etter seg. Til slutt fekk alle som var med på øvinga prøvekøyra snøscooteren ein runde kvar."

Det vart kjøpt bil i 1977, og det vart arbeidd med planar om kjøp av hytte. Medlemstalet på 70-talet var stigande og låg på kring 25 aktive medlemmar. På 80-talet var det svingande aktivitet, alt frå storøving til problem med å halda korpset i gang i nokre av desse åra. Det er derfor rosverdig at leiinga den gongen ikkje gav opp. I 1992 vart leigekontrakt av hytta på Bergshovden underskriven, og den kontrakten vart seinare fornya. Hytta var ein populær stad heilt fram til 2004. Då vart leigeavtalen oppheva  grunna byggjing av depot på Vinje. Det avr fleire store leiteaksjonar både i 1990 ved Tindafjell, i 1993 i Folgefonna og i 1994 i Matre og Stordalen til Nordalshytta. I påsken hadde korpset sin største leiteaksjon på Vikafjellet som vara i 3 døgn. Då var fleire hjelpekorps, sivilforsvaret, redningshundar og politiet på plass.

Ein starta med kvisting av turløyper i Stølsheimen for Bergen Turlag i 1993, og korpset vårt tok initiativ til Stølsheimsnemnda, som vart oppretta av korpsa i området rundt Stølsheimen.

I 2005 flytta me delvis inn i nytt depot/lager på Vinje. Etter stor dugnadsinnsats frå eigne medlemmar og lokale entreprenørar vart korpshuset endeleg ein realitet. Fleire lokale bedrifter har også vore med å støtta bygget økonomisk. I byrjinga brukte me berre 1 etg., men på årsmøtet for 2008 vart 2 etg. teken i bruk for fyrste gong.

Fram til dette årsmøtet har Vossestrand Røde Kors Hjelpekorps vore ei åleneståande spesialavdeling, men årsmøtet vedtok at me no skal vera ei lokalforeining.