Her finner du oss
Referat
Her samlar me korte referat frå dei ulike medlemskveldane

Måndag 08.02.10 kl. 19:00 - Kart/kompass/GPS
Ansvarleg: Reidar og Henning
Medlemskvelden vart gjennomført på depotet, og desse møtte: Thomas, Espen, Alexander, Torhild, Ranveg, Hildegunn, Gisle, Samson, Reidar og Henning.
Me fekk utdelt kart over Vinje, og Reidar forklarte litt om korleis kartet er bygd opp med tanke på høgdekurver, skoggrenser, påførte høgder, innteikna objekt osb. Han viste også prosedyren for å finna ein kartreferanse, samt korleis ein skal ta ut marsjretning frå A til B.

Etterpå fekk ein trena på bruken av det Reidar hadde gått gjennom. På grunn av ein tett timeplan hjå dei ansvarlege for kvelden blei me nøydd til å avslutta ca kl. 20:30, men Reidar prøver å finna ein kveld ein kan fortsetja i næraste framtid.

- - -

Måndag 25.01.10 kl. 18:00 - Snørekøyring
Ansvarleg: Ingve og Gisle
Me møtte på depotet kl. 18:00, og ikkje lenge etter var Thomas, Espen, Alexander, Torhild, Ranveig, Samson, Ingve, Gisle, Henning, Gunnar, Olav, Grethe Marie, Reidar og Martin på veg til Oppheim Skule. Scooterane vart snart gjort klare, og turen starta innover Oppheimsdalen.

Me køyrde langs løypa nesten inn til Steinset, og derifrå innover Kvanndalen. Etter at me forlot løypa vart føret straks verre, då det har komme litt for lite snø i fjellet endå. Enkelte stader var det rikelege mengder laussnø toppa med eit til tider litt for tynt skarelag, medan ein på toppane omtrent stod på bart fjell. Me tok oss likevel eit lite stykke innover dalen, før me snudde og fylgde same ruta tilbake. Alt i alt vart det ein fin "prøvetur" ein nydeleg vinterkveld, men vonleg er det meir snø neste gong me reiser ut.

Då me kom ned igjen på depotet vart det servert betasuppe og saft, noko som gjorde godt i spreke kroppar. Praten gjekk om laust og fast, og ca kl. 22:00 låste me dørene for denne gong.

- - -  

Måndag 11.01.10 kl. 19:00 - Snøskred / S/M
Ansvarleg: Sigurd og Gunnar
Møtet fann stad på depotet, og desse møtte: Thomas, Espen S., Alexander K., Torhild B., Hildegunn P., Ranveig G., Samson S. og Gisle K.

Møtet starta på depotet kl. 19:00. Gunnar gjekk lett gjennom snøskred; ulike postar ein kan finna rundt eit skred, merking, søksmetodar, korleis ein skal oppføra seg i og rundt skred osb. Ein fekk også nokre tips og eksempel frå Gunnar og Sigurd om ting å tenkja på, ting som har skjedd tidlegare o.l.
Etterpå viste Gunnar samansetjing av søkjestong, og trass lav takhøgd greidde han også delvis å visa momenta i eit grovsøk. Teoridelen vart avslutta med ein liten gjennomgang av S/M.
Om lag kl 20:00 gjekk me ut, og då hadde Gisle gravd ned ei av markørdukkene våre i ein snøhaug, og lagt ein S/M ut i snøen. Dermed fekk alle prøva å setja saman søkestengene og utføra eit kjapt søk med funn, samt å leita seg fram til ein S/M. Sidan det var så kaldt ute (-18°C) vart denne delen gjennomført fort og gale, men alle fekk iallefall prøvd seg så vidt det var. Satsar på at me får laga eit betre skred seinare i vinter.
Til slutt gjekk me inn og tinte oss opp igjen, og snakka litt om scooteropplæring. Mange av aspirantane er interesserte i opplæring, og me voner me får dette til i løpet av februar.
Alt i alt ein fin start på ein vonleg artig vinter!