Her finner du oss
Hjelpekorpset
Hjelpekorpset

Vossestrand Røde Kors Hjelpekorps er eit korps med om lag 25 aktive medlemmar. Me har medlemskveldar annakvar måndag, og lagar då til ulike øvingar eller teorikveldar. Primærområdet vårt er frå Tvinne i sør til fylkesgrensa i nord og aust, men me hjelper sjølvsagt til utanfor dette området om det er behov for det.

Vossestrand Røde Kors Hjelpekorps vart stifta heilt tilbake i 1950, og har vore operativt sidan. Opp gjennom åra har me hatt mange ulike aksjonar, men heldigvis brukar me mesteparten av tida vår på sanitetsvakter og opplæring. Det er viktig for oss at alle medlemmane har kunnskap om både fyrstehjelp og anna me kan komma ut for, og difor prøver me å senda så mange som mogleg på kurs og vidareutdanning om dei vil det sjølv. Av samme grunn må også alle aktive medlemmar bestå ein skriftleg og ein praktisk prøve kvart tredje år.

For å verta aktivt medlem i hjelpekorpset er vegen som følgjer:
Fyrst må ein delta på eit 30-timars fystehjelpskurs. Desse kursa arrangerer me med jamne mellomrom, og ein kan sjølvsagt delta på desse utan å verta medlem etterpå. I tillegg er det eit par kveldar med opplæring i samband og oppbygginga av Røde Kors som organisasjon, og nye medlemmar må til slutt gjennom den same skriftlege og praktiske prøven som eksisterande medlemmar tar.

For å delta på aksjonar må ein også gjennom eit såkalla C-kurs. Dette kurset gjev ein grunnleggjande kunnskap om ettersøk og redning, samt om det å klara seg i naturen. Det er ikkje til å koma ifrå at hjelpekorpset ofte vert kalla ut når været er dårleg, og det er difor viktig at me som hjelpemannskap veit korleis me skal takle forholda på ein sikker måte. Kurset vert for øvrig arrangert i to variantar: eitt som tar for seg sommarhalvåret og eitt som tar for seg vinterhalvåret; sommar-C og vinter-C. C-kursa vert som regel arrangert lokalt.

Etter at ein har gjennomført C-kurset kan ein altså vera med på aksjonar hjelpekorpset må rykkja ut på. Ein kan også fortsetje utdanninga og ta det som vert kalla eit B-kurs. Dette kurset har som mål å utvikla kvar einskild til å verta ein lagleiar, som kan leia medlemmar med C-kurs på eventuelle aksjonar. Til slutt kan ein gå vidare og ta eit A-kurs, og ein skal då vera i stand til å leia ein heil leite- eller redningsaksjon. Både Vinter-B og -A-kurset vert arrangert på Finse av Norges Røde Kors, og det er såleis stor sjanse for at ein får sjå og føla kva Kong Vinter kan by på.

Det vert også arrangert mange andre kurs i løpet av eit år, og mesteparten av desse vert gjennomførte under meir tempererte og forutsigbare forhold (les: hotell). Slike kurs kan omfatta alt frå bygging av sambandsmateriell eller utvida fyrstehjelp til organisasjonsutvikling og leiareigenskapar. Sjansen er difor stor for at ein kan finna eit kurs som passar både kompetansenivå og interessefelt.

Kontaktinformasjon hjelpekorpset

Korpsleiar:
Gisle Kleppe - 93 44 33 97

Operativ leiar:
Gunnar Lillethun - 92 20 97 70

Administrerande leiar:
Grethe Marie Skjervheim - 91 70 69 39

Les meir om Hjelpekorpset