Vossestrand Røde Kors Besøksteneste har aktivitetar på Vossestrand Omsorgstun, arrangerer samkomer, adventsmøter og turar.
Dei siste åra har me streva med å få nye medlemmar. På årsmøtet i 2008 vart det vedteke at besøkstenesta skulle ta ein pause i sine aktivitetar. Fleire av medlemmane er vorte eldre, medan få nye har byrja. Dette slit på dei som er aktive då alle oppgåvene vert fordelt på alt for få personar.
Om besøkstenesta skal eksistera vidare og gunne gje sine tilbod er det viktig med fleire aktive medlemmar. Har du lyst til å gjera ein innsats for andre? Har du gode idèar til aktivitetar? Ta kontakt!