Her finner du oss

Beredskapsvakt

Om det skjer noko verkjeleg alvorleg i området der du bur, kan Røde Kors kontakta deg då, for å spyrja om du kan hjelpa? Dette spørsmålet har no bortimot alle innbyggjarane i Voss Kommune fått. Mange har allereie svara "ja," og vonleg vil endå fleire komma med det same svaret i framtida.

Ein ser at det stadig oftare skjer alvorlege hendingar eller ulukker som gjer at store delar av, eller heile, lokalsamfunn vert råka. Skogbrann, flaum, bygningar som bryt saman, ras som fører til at bebudde område vert isolert - lista er lang. Felles for alle er at mange menneske vert råka, og at konsekvensane er store, alvorlege og langvarige.

Når slike hendingar skjer er det eit stort hjelpeapparat som vert sett i sving. Brann, politi, ambulanse, sivilforsvar, Røde Kors, heimevernet osb., alt etter kva hending og omfang det er snakk om. Ein ser også at det er mange privatpersonar i lokalsammfunna som stiller opp, og det er her Røde Kors Beredskapsvakt kjem inn i biletet.

Fram til no har desse privatpersonanen vore akkurat det når dei stiller opp - privatpersonar. Dei har på det jamne hatt verken utstyr, særskild kunnskap eller forsikring, berre lysta til å hjelpa andre. Hensikta med Røde Kors Beredskapsvakt er å gje desse personane litt betre utstyr, litt meir kunnskap og sist, men ikkje minst: forsikring. Ein ynskjer å samla frivillige under eitt namn, få del i kompetansen og ressursane kvar enkelt har og slik kunne bistå redningsetatane når det verkjeleg trengs.

Når det skjer ei katastrofe er det mykje som må takast hand om. Profesjonelle tek seg av, og skal framleis ta seg av, den konkrete delen av katastrofen. Men det er i tillegg mykje anna som må gjerast, slik som forpleining, matlaging, transport av mat og utstyr, trafikkdirigering, evakuering, omsorgstenester osb. Alle desse tinga har dei aller fleste av oss kompetanse til å bistå med, og ein kan såleis avlasta dei profesjonelle redningsetatane. Dermed kan desse bruka ressursane sine på det dei er meint å gjere, noko som igjen kan føre til at omfanget og varigheita av katastrofen vert redusert.

Ved å melda deg inn i Røde Kors Beredskapsvakt seier du ja til at Røde Kors kan kontakta deg om noko verkjeleg alvorleg skjer. Du seier også ja til å stilla på ein av fleire alternative kveldar i året for å få opplæring som er relevant for oppgåvene Røde Kors Beredskapsvakt kan verta stilt ovanfor. Eit medlemsskap kostar kr. 250,- pr. år, og går til forsikring og utstyr til deg som medlem. Om du allereie er medlem i Røde Kors vert det ingen ekstra kostnad å verta med som Beredskapsvakt, og på same måte vert det ingen ekstra kostnad om du etter f.eks eitt år ynskjer å verta med i Røde Kors Hjelpekorps eller Røde Kors Omsorg. Du står sjølvsagt også fritt til å melda deg ut av Røde Kors Beredskapsvakt når du måtte ynskje.


Du finn meir informasjon om Røde Kors Beredskapsvakt på desse sidene: www.rodekorsberedskapsvakt.no

Kontaktperson Beredskapsvakt:

Steinar Herheim
97 54 90 50

Les meir om beredskapsvakt