Det vert halde medlemskveld ein torsdag i månaden klokka 17:30 - 19:30, og me møter alltid opp på depotet. Borna får låna (gratis) alt utstyr dei ikkje har sjølve til aktivitetane BARK legg opp til.
Aktivitetsområda er:
Fyrstehjelp: grunnleggjande fyrstehjelp
Friluftsliv: læra om naturen, me er ute kvar medlemskveld, lagar leirområde m/lavvo og overnattar gjerne ute.
Røde Kors Prinsippa: humanitet, upartiskheit, nøytralitet, uavhengigheit, frivilligheit, einheit og universalitet
Kulturell forståing: læra om born i andre land
Aktivitetane er lagt til rette for aldersgruppene 1 - 4 klasse og 5 - 7 klasse. På planen denne senongen står: HLR, stabilt sideleie, fyrstehjelp, besøk av politiet, snørekøyring, læra om snøskred, vera heiagjeng på DM i hjelpekorpsdisiplinar, kart og kompass og avslutning som i år vert ein blåtur.
I mai arrangerer Voss Røde Kors distriktsmeisterskap i hjelpekorpsdisiplinar. I dette høvet skal BARK-medlemmane på Vossestrand vera heiagjeng til deltakande lag frå heile Hordaland. Her vil me få sjå mykje av det ein hjelpekorps-medlem skal ha av kompetanse, og ved å delta som publikum kan ein få med seg mykje nyttig kunnskap.
Me treng eit heiarop til denne helga, så om du har eit godt forslag set me pris på om du sender ein e-post til Elin:
elinbratthole@online.no