Her finner du oss
"Plasterlappen" nr. 2 2007


 

ÅRSFEST LAURDAG 3. NOVEMBER

Plasterlappen må sjølvsagt byrje med informasjon om årets store hending; årsfest på Røde Kors hytta. No er det atter tid for å gjere ein dugnadsinnsats. Denne gong med kniv og gaffel.

 

I løpet av dette året har medlemmane i korpset gjennomført omfattande dugnadsinnsats. Det har resultert i at me har høve til å bruke ”turvande” midlar på medlemspleie. Også her har styret vore klokkeklar: Me treng ein god fest for alle dei som har delteke på aksjonar, bidrege på dugnad og gjort det mogleg å halde eit slikt høgt aktivitetsnivå som me har hatt i år.

 

Fyrste del av laurdag 3. november byrjar med at Stig Magne er turleiar. Me organiserer ei felles transport opp til Engjaland. Derifrå går turen over fjellet inn til hytta. Dette er lagt opp for dei som vil kombinere årsfest med ein fin langtur. Bagasje og tørre klede vil verte transportert opp på hytta.  Me kjem attende med nærare informasjon om turen. Til dei andre som ikkje kjem til  gå i hælane på Stig Magne; vi planlegg alternativ transport til hytta.

 

Me kjem nærare attende med detaljar for påmelding.

 

AUKE  I AKSJONAR PÅ VOSS

I 2007 har me hatt ein auke i talet aksjonar i hjelpekorpset. Fleire av desse aksjonane har vore verkeleg omtattande. På aksjonen i mai hadde me over 70 personar i sving på det meste i løpet av ein dag. Først og fremst seier det mykje om motivasjon og vilje til å delta på slike aksjonar. Både frå pårørande og frå politiet har me fått mykje takk og ros for innsatsen.

 

Det er tydeleg at det er mange som har sekken ferdig pakka. Like etter at alarmtelefonen har gått, byrjar det å strøyme på med folk på Røde kors huset. Det er særs gledeleg. Me i styret vil nytte høvet til å takke alle som har gjort slik framifrå innsats i år. Nokon har delteke i to timar, andre har vært med i 40 timar. Alle som deltek er like viktig, for alle gjer det dei har høve til å bidra med. Det er det som er poenget. Nokon har høve til å delta meir enn andre, slik er det berre. Det viktigaste er at hjelpekorpset har medlemmar som er motiverte og engasjerte til å gjere ein innsats når nokon treng vår hjelp. 

 

På det komande medlemsmøte den 16. oktober vil me bruke tida til å gå gjennom dei ulike aksjonane me har hatt i år. Det er viktig at me får samla oss, diskutert og lytta til dei ulike erfaringane me har fått frå desse aksjonane. Det er truleg litt å ta tak i på ulikt hald.

 

Dersom me skal bli endå betre må me få attendemelding frå medlemmane i korpset, kva dykk tenkjer og kva røynsle har dykk etter desse aksjonane. 

 

Nokon av aksjonane har fått gledeleg utfall, medan andre har enda med eit anna resultat. Først og fremst er det viktig at me tek vare på kvarandre i korpset.

 

NOREGS HØGFJELLSSKOLE TIL VOSS

Me har vore så heldige å få ein av dei to lærarane ved Norges Høgfjellsskole til Voss. Nils Faarlund driv saman med Rolf Bergstrøm ein av dei viktigaste skulane i landet når det gjeld friluftsliv, fjell, ferdsel i utmark, snø, snøskred, tryggleik og redning. Rolf Bergstrøm kjem til Voss tysdag 11. desember. Då er alle medlemmane i heile område 4 hjarteleg velkomne.

 

Når me skriv desember står vinteren for døra. Temaet til Rolf er samvirke i redningsaksjonar i vinterfjellet. Han har gått gjennom og analysert ei rekkje av dei ulike aksjonane som har vore i Noreg i dei siste åra. Bergstrøm vil trekkje fram noko av ”feila” som er blitt gjort, og kva me som hjelpekorpsmannskap kan lære av dette.

 

Til dagleg held Bergstrøm og Faarlund kurs for politiet, krigsskulane, universitet og høgskular. Tida er mogen for at Høgfjellsskulen kjem med ein liten leksjon på Voss!

 

Dersom det kjem spesielt mange deltakarar frå dei andre korpsa må me vurdere å finne andre lokale. Det vil me i så fall orientere nærare om, mellom anna i ”Hordaland”.

 

VISJONAR FOR HJELPEKORPSET

Landsrådet arbeidar for tida med ny visjon og nye hovudmål for hjelpekorpsa. Desse skal gjelde for dei neste 10 åra. Etter styremøte og medlemsmøte 4. september hadde me dette å seie:

 

Landsrådet sitt framlegg til visjon er: ”Røde Kors Hjelpekorps driver med søk og redning. Best fra fjord til fjell. ” Voss sitt framlegg er: Røde Kors Hjelpekorps: Frivillig søks - og redningskompetanse for fellesskapet. 

 

Landsrådet hadde sju framlegg til hovudmål:

1.        RKH er en viktig del av Røde Kors beredskapsorganisasjon, som utøver sin virksomhet basert på lokale definerte behov.

2.        RKH er en foretrukket samarbeidspartner på søk og redning fordi vi er pålitelige og vi leverer riktige, tilstrekkelige ressurser til riktig tid. Vi er problemløser og premissleverandør.

3.        RKH er sterke på og legger vekt på operativ ledelse, gode rutiner og lederutvikling.

4.        RKH er best på søk og redning fordi vi har aktive medlemmer med rett kompetanse, og vi rekrutterer og beholder motiverte medlemmer gjennom å utvikle deres kompetanse og gi dem meningsfulle oppgaver.

5.        RKH bidrar til å synliggjøre Røde Kors.

6.        RKHs kunnskap, kompetanse og organisering er ønsket internasjonalt, vi styrkes gjennom internasjonalt samarbeid og vi bidrar aktivt til utvikling i den internasjonale Røde Kors bevegelsen.

7.        RKH ledes av frivillige medlemmer

 

Frå Voss enda me opp med desse fem framlegga:

1.        Me skal hjelpe i lokalsamfunna der folk bur, der turfolk ferdast og der nokon treng ei

hjelpande hand.

2.        Me skal utvikle hjelpekorpsa gjennom kompetanse, motivasjon og oppgåver som gir meining.

3.        Hjelpekorpsa skal alltid ha høg og oppdatert kompetanse på søk og redning. Me skal ha ressursar tilgjengeleg som kan løyse oppdraga.

4.        Hjelpekorpsa skal vere gode på leiing, rutinar og leiarutvikling.

5.        Me skal delta på oppdrag i utlandet og styrke den internasjonale Røde Kors rørsla.

 

DISTRIKTSMEISTERSKAPEN I 2008…..

Voss har ikkje stilt med lag til D- meisterskapen på fleire år. Ein av grunnane er at me er for gode… Det vil seie at alle dei som jobbar profesjonelt med helse får ikkje delta. Ein annan grunn er at me ikkje har klart å organisere det slik at me har fått fram eit lag som kan stille.

 

Til våren vert det som vanleg arrangert D – meisterskap her i fylket. Der går ein gjennom ”førstehjelpsboka” samt  ei rekkje praktiske oppgåver. Det er eit sterkt ynskje frå styret at me klarar å stille med eit lag til våren.

 

På eit lag er det seks deltakarar. Me treng ikkje plukke ut kven desse seks skal vere allereie no. Men det er viktig at me får fram ei gruppe på 8-10 medlemmar som kan trene på dei oppgåvene som skal løysast i D-meisterskapen.

 

Styret vil stille alle tilgjengelege midlar til rådvelde slik at dei som ynskjer det skal få dei beste føresetnadene til å førebu seg til meisterskapen. Tanken bak terminlista i haust er at denne skal innehelde fleire av dei momenta ein skal gjennom på D- meisterskapen.

 

Niels Jørgen er lagførar på D-laget.  Ta kontakt med han dersom du kunne tenkje deg å trene litt meir aktivt. Her er det fritt fram for alle som ikkje køyrer ambulanse…!

 

Generelt På Snurra?

Frå tid til annan kan det verke som om fleire av oss lurar på om GPS tydar noko slikt? GPS er eit moderne verkty som kan vere veldig viktig for kvar og ein av oss på aksjon. Det gjeld ikkje berre eigen tryggleik, men riktig bruk av GPS kan føre til at me kan spare mykje tid og energi – og det kan gi ein solid peikepinn på kor me har vore, og kvar me skal. Dette høyrast nesten ut som om GPS er svaret på dei eksistensielle spørsmåla. Det er det truleg ikkje. Men styret legg opp til at me skal ha ein gjennomgang av bruk av GPS. Kanskje må me gå i gang med eit litt meir omfattande kurs i GPS? Det er opp til dei som kjem på medlemsmøte å avgjere kva me skal gjere vidare. Målgruppa for dette møtet er alle dei 98% som ikkje føler seg 99% trygg på bruk av GPS.

 

FINSEKURSET – VILT OG UTFORDRANDE!

Gjennom snart 50 år har Hordaland Røde Kors arrangert A og B kurs i operativ leiing i vinterfjellet. Dette er kanskje det beste kurset du kan ta som medlem i den frivillige redningstenesta. Du finn truleg ikkje noko anna kurs hjå nokon av dei frivillige organisasjonane med så mykje ressursar direkte retta inn mot deg som deltakar.

 

Frå politihøgskulane og krigsskulane er det kø for å få lov til å vere med på A kurset på Finse. For oss er det ein time med tog til eit av dei beste kursa i landet. Styret vonar at me også ved kurset i mars 2008 skal få plass til våre medlemmar. Me oppmodar om at du set av datoane, og søkjer om deltaking på Finsekurset. Styret vil bidra til å dekke kostnadene til DIN deltaking på kurset.

 

Frå vår ståstad er det umåteleg viktig at medlemane deltek på kurs. Det kan vere sminkekurs, KO – kurs, operativ leiingskurs, LOUP kurs, skredkurs – ja i korte trekk alt som kan gje deg som medlem auka inspirasjon, glød og kunnskap. Meld dykk på kurs!

 

Finsekurset: 01.03 – 09.03. Påmeldingsfrist 01.11.07. Sjå heimesida vår eller heimesida til Hordaland Røde kors for meir info.

 

Minner elles om skredkurs på Standalseidet ved Ørsta    2. mars til 9. mars.

 

VALNEMNDA ER I GANG MED ARBEIDET

Også ved det komande årsmøtet vil det verte utskiftingar i styret, slik det alltid er. Nokon står på val, andre går ut av styret medan fleire held stø kurs vidare fram. I alle høve er det slik at innsats i styret går på omgang mellom medlemmane i korpset. Dersom det er lenge sidan du har hatt styreverv, eller enno ikkje har hatt den gleda; svar ja eller tja til valnemnda! Det å ta eit verv er ein god måte å bli kjent med heile organisasjonen, og med medlemmane våre. Stafettpinnen går på omgang. Mest lærerikt er det kanskje for dei som ikkje har lengst fartstid. Sjølvsagt er det lov å seie nei når valnemnda ringjer. Slike slag under beltestaden må ein berre bøye seg for.

 

TERMINLISTA FRAMOVER

Viktige tema på terminlista utover hausten er:

-          16. oktober: Evaluering av aksjonane i år. Til dykk som har vore med; me treng hjelp til å oppsummera erfaringane frå desse aksjonane

-          30. oktober: GPS. Merk kl. 18.00. Uteklede

-          3. november: Årsfest på hytta

-          13. november: Sår, brot og pasientundersøking

-          27. november: Søk og søksmetodar

-          11. desember: Rolf Bergstrøm frå Norges Høgfjellsskole

 

Velkomne alle saman. Kjekt om også dei som ikkje har vore på huset på ein stund stikk innom. Alle kveldane byrjar kl 19.00, med unnatak av GPS kvelden.

 

Medlemskveldane er på Røde kors huset kl. 19.00 Følg med på heimesida vår www.vossrkh.no for meir info.