Her finner du oss
"Plasterlappen" nr. 1 2008

 

Igjen er tida inne for ei ny utgåve av Voss Røde Kors Hjelpekorps si avis – Plasterlappen.

 

HJELPEKORPSSTYRET 2008

Sjølv om ein er godt inne i 2008, kan det vere kjekt å verte minna på – eller for deg som er ny – opplyst om kven som sit i styret i Voss Røde Kors Hjelpekorps, og kva verv den enklete har;

 

Elin Vandbakk – korpsleiar

Niels Jørgen Pedersen – operativ leiar

Gunn Iren Engvold – administrativ leiar

Maren Kristensson – styremedlem

Oddvar Kvalnes –  konst. styremedlem

Ingvill Evensen – varamedlem

 

FAGLEIARAR

Ein fagleiar er eit hjelpekorpsmedlem med spesielt ansvar på eit spesielt område. Pr. 9/10-08 er vedkomande fagleiarar i Voss Røde Kors Hjelpekorps:

 

Kjell Inge Tverberg - Transportleiar

Hans Tonckens og Magne Draugsvoll - Depotleiarar

Stian Breivik – ”Klatreredningsleiar”

Gerd U. Tøn -  Instruktørleiar

Jarle Vines og Nils Arne Mugås - Sambandsleiarar   

Maren Kristensson - Vaktleiar 

Siv Vines - Sminke og markørleiar

 

GRUNNKURS

Me har også i år laga til førstehjelpskurs og grunnkurs. 5 personar har fullført grunnutdanninga. Styret ynskjer alle nye medlemmar velkomne til korpset!

 

 

KURS

Fleire medlemmar har teke kurs i det siste. Elin Vandbakk har gjennomført og bestått Sommar A, og Johannes Sæleset har gjennomført og bestått Sommar B. Me gratulerer!

 

11. nov vart det gjennomført grunnkurs i bruk av GPS (Garmin) på Røde Kors Huset. Kurshaldarar var

Henning Ure (Vossestrand RKH) og Jens Petter Gravning (Ulvik RKH). Kurset tok føre seg det mest grunnleggande om GPS.

4 Januar vil det verta GPS kurs på meir avansert nivå. Invitasjon kjem.

 

Det har kome invitasjon til Ettersøksleiing Vinter (vinter B) på Finse 4.-8. mars 2009. Dersom du ynskjer å delta må du før opptak ha gjennomført ettersøkning/redning

vinter (C-kurs), orienteringskurs eller ha tilsvarande bakgrunn. Som deltakar må ein vere fylt 18 år. Etter gjennomført og bestått kurs skal ein vere i stand til å leie patruljer i aksjon i vinterfjellet og vere generelt oppdatert på praktisk redningsleiing.

Påmelding til korpsleder@vossrkh.no snarast.

 

 

Minner igjen om at medlemmer av Voss Røde Kors Hjelpekorps som har teke C, B eller A-kurs i 2008 og

som er under 30 år, om at dei kan få refundert henholdsvis 1000 kr, 2000 kr eller 3000 kr for personleg utstyr, jmf. årsmøtevedtak. Dette må søkjast skriftleg om til styret før årsskiftet. Ta kontakt med adm.leiar for meir info; adm@vossrkh.no.

 

 

SKATTEJAKT OG GRILLING I MOEN MED BaRK

16/9 organiserte hjelpekorpset Skattejakt og grilling for Barnas Røde Kors i Prestegardsmoen. Dette vart ein stor suksess som barna likte. Skattar i form av godteri vart gøymde på eit avgrensa område, og alle småpiratar kunne skilte med funn etter litt leiting! Mot slutten fann dei ein grill full av pølser, noko som gjorde gleda endå større. Ungane vart sminka til både løver, vampyrar, sjørøvarar og andre fantasifulle vesen! Ship O`Hoi!

 

 

HJELPEKORPSPRØVA

65 medlemmar har til no i år teke hjelpekorpsprøva i Voss Røde Kors Hjelpekorps! Dette er kjempe flott!! Har du førstehjelpsprøven kan du titulera deg sjølv  som kvalifisert førstehjelpar, og det er mellom anna dokumentasjon på at akkurat DU sit med den kompetanse Noregs Røde Kors stiller.

 

IDENTITETS-KORT

Dei fleste som har betalt medlemskontingent og bestått førstehjelpsprøven har no motteke sitt ID-kort. Dette er ditt bevis på at du er godkjent hjelpekorpsmedlem, og det er gyldig i tre år. Dersom du mot formodning ikkje har motteke ditt kort, ta kontakt med adm.leiar; adm@vossrkh.no.  

Nye medlemmer vert det bestilt til fortløpande.

 

 

LANDSMØTET 2008

Leiaren i hjelpekorpset, Elin, reiste som observatør til Landsmøtet i Tønsberg. Det var ei helg med tettpakka program, interessante forhandlingar og fagleg påfyll. Utfallet av forhandlingane vert ikkje store for oss på lokalt nivå. Nokre av dei endringane medlemmane imidlertid vil sjå verknadane av, er at det frå no vert nytt system for medlemskontingent. Ein er no medlem frå den datoen ein har betalt og 1 år fram i tid. Ikkje som før når ein var medlem for inneverande år som kontingenten vart betalt.

Andre endringar er at det som me til no har kalla styret i hjelpekorpset, har blitt omdøypt til råd. Det vil sei at det nye offisielle namnet på styret er Lokalråd for Hjelpekorps. Mandatet vert som før, så det inneber ingen praktiske endringar.

 

 

DEN NYE HJELPEKORPSSTRATEGIEN

Igjennom det siste året har det vert utarbeida ein langsiktig strategi for landets hjelpekorps. Strategien strekk seg til 2018, dvs 10 år fram i tid. Me skal bli kjent med strategien litt gradvis og venna oss til å bruka den aktivt som eit verktøy.

 

 

NO KJEM VINTEREN

Vinteren står no for døra og i samband med dette har me forberedelsar me må gjennomføra. Det har alt vore rydding av garasje, klargjering av scooterar og bil, men det gjenstår å få rydda og organisert depot. Det vil bli satt opp ein kveld til rydding på depot om ikkje alt for lenge. Oppmodar alle om å delta for at me skal få det oversikteleg og greitt. God moglegheit for alle nye og gamle til å få oversikt på kva utstyr hjelpekorpset har.

 

I løpet av hausten har me sett opp hogging av tilsaman 1300 kvist på terminlista. Desse skal nyttast til kvisting av skiløype i Stølsheimen for Den Norske Turistforeninga til påsken 2009. Foreløpig ligg me ikkje så bra an, men det vil komma fleire sjangsar og du vil få beskjed når det vert kvisting neste gong. Dette vert på sida av terminlista.

 

 

VALNEMDA

No er valnemda i gang med arbeidet sitt fram mot årsmøtet. Som du sikkert har fått med deg, så har valnemda invitert alle til ein kveld med info, påfyll og motivasjon på Røde Kors huset den 2 desember. Her vil Bjørn Olsen frå Hordaland Røde Kors komma å halda innlegg. Oppmodar alle om å delta på denne samlinga som vil verta lærerik og ein fin arena til å komma med forslag til vegen framover for hjelpekorpset. Dersom du har forslag til kandidatar eller andre spørsmål kan du kontakte leiaren i valnemda, Gro Karin Dolve på e-post grokarin@hotmail.com eller tlf 93 02 33 08. Hugs at dersom du foreslår nokon må vedkomande vere spurt og sagt ja til å verte nominert.

 

 

DM i førstehjelp 2009

Hjelpekorpset på Voss har fått forespørsel om å arrangera DM i førstehjelp i 2009. Dette har vore oppe til diskusjon på områdemøte, og det er stemning for å få til samarbeid rundt dette arrangementet innad i område 4. Dette vert kjempe spanande for Voss RKH og det er ein ny veg å gå for oss. Dersom du kan tenkja deg å bidra på nokon måte, eller har spørsmål om kva det å arrangera DM inneber, ta kontakt med korpsleder@vossrkh.no

DM vil verta arrangert 8-10 mai 2009.

 

JOLABORD

13 desember vert det arrangert Jolabord på Røde Kors huset. Alle korpsa i området og distrikts rådet er invitert. Det har vore bra påmelding til no, men me er tilbøyelege til å motta fleire dersom det skjer innan sundag 7 desember. Påmelding til korpsleder@vossrkh.no

 

 

RØDE KORS HYTTA

No har snøen falt på Hanguren og hytta står der og verkar etter å bli brukt. Booking av hytta skjer til hytteleiar på

jvbrs@online.no    

 

 

AVTALE MED VOSS FJELLHEISAR

Som tidlegare vil avtala med Voss Fjellheisar vidareførast. Den inneber at dersom du ynskjer å ta ein tur på fjellet ein dag, kan du ta på deg Røde Kors vest, samband og legga i veg. Du melder deg i billettluka i Bavallen og vil få tildelt eit key-card. (Dette må leverast inn på slutten av dagen) Du stillar sambandet inn på kanal VFH (voss fjellheisar) og melder deg til teneste i anlegget. Då kan du få ein fin dag på fjellet gratis.

Det vert og i desse dagar sluttført ei avtale med Voss Fjellheisar som inneber at Voss Røde Kors Hjelpekorps får disposisjonsrett på 5 sesongkort. Det vil komma meir info om administreringa av desse.

 

 

BRATT OG GLATT, VÅTT OG KALDT

Som dei aller fleste sikkert har fått med seg så vert det i desse dagar satsa på å få opp att ei gruppe som spesialiserer seg på dei ublide elementa. Dette er heilt i startfasen og dermed vert vegen til mens ein går, men mykje bra arbeid er lagt ned for å få best mogleg premissar for gruppa. Då det vart halde ein informasjonsmøte om arbeidet framover for gruppa, møtte det 9 interesserte og motiverte hjelpekorpsarar. Det vart lagt fram utdanningsplanar, framdriftsplan og det var høve til spørsmål og utforsking. Stian Breivik, breivik1@hotmail.com, er fagleiar for gruppa og han tek imot spørsmål og andre henvendingar.

Gruppa har ennå ikkje fått namn, så viss du har gode forslag så mottas det med takk. Gruppa sine hovudarbeidsområder vil vera elveredning, redning i ulendt terreng og andre oppdrag som krev kunnskap om sikring og spesialutstyr.

Ressurssenteret i Norges Røde Kors Hjelpekorps for strømmande vatn, ligg i Sjoa. Etter at dei har fått etablert drifta si, vil dei komma til Voss å utdanna våre folk som me ynskjer. Prosjektet ”Vannrespons” satsar stort i desse dagar og er godt nøgd med det arbeidet som vert sett i gang på Voss og fylj med på utviklinga vidare.  

 

 

HJELPEKORPSAKTIVITET

Har du teke digitale bilete i løpet av året som omhandlar hjelpekorpsaktivitet? I så tilfellet er rådet interssert i å få tilgang til desse, dersom dei ikkje allereie har fått dei.

 

 

 

 

 

 

Lokalråd for hjelpekorps, Voss