Tusenvis av nordmenn er ensomme. Dei manglar nokon å dela gleder og sorger med, og føler seg ofte isolert. Røde Kors Besøksteneste organiserer besøk til menneske som ynskjer støtte og oppmuntring i kvardagen.
Kva driv me med i Besøkstenesta?
Våre primæroppgåver på Voss er besøk på sjukehus, institusjonar, opptreningssenter og sjukeheimar. I tillegg er besøksteneta tungt inne i faste arrangement for Røde Kors veka og bistår hjelpekorps ved større aksjonar med det det er behov for.
Verden er stadig i endring og med det, behov for å utvikla nye idear og tiltak. Dersom du etter å ha lest våre nettsider kanskje føler at arbeid i vår organisasjon kan vera noko for deg og du har nokre bra idèar, ta kontakt med leiar eller andre i styret.
Velkomen som besøksven i Røde Kors Voss!
Fast møtetid er siste måndagen i månaden.