Gladkontroll
Voss Røde Kors Hjelpekorps, Norske Redningshundar, Voss Lensmannsdistrikt, Voss brann og redning, Helse Bergen ved Ambulansetenesta, Sivilforsvaret, forsikringsselskapet Tryg, Voss Resort og Voss Fjellandsby var alle med på å gjera køyreturen frå Bergen til Voss litt koslegare for påsketuristane onsdag då dei for tredje året på rad arrangerte Gladkontroll.
Det var berre blide andlet å sjå då billistane fekk utdelt twist, vatn og "posen med det rare i". Dei fekk og med seg litt informasjon frå redningsetatane.
471 bilar var innom Gladkontrollen på Kvåle onsdag frå kl 15. Det vart delt ut omlag 10 kg twist og 1500 flasker vatn.
-----------------------------------------------------------------------------