I 1,5 år har det vore flyktningguideordning på den vakre øya vår. Kort fortalt fungerer ordninga slik at ein frivillig stiller opp som guide for ein flyktning som har ynskje om å bli betre kjent, og få eit større nettverk i kommunen. Som guide har du høve til å gje flyktningen god informasjon som korleis ulike ting fungerer i lokalsamfunnet, og gjera kjekke ting saman.
Det kan vera aktivitetar som:
- Gå tur
- Vera med i eit idrettslag/forening med ulike aktivitetar
- Sjå fotballkampar på tv
- Gjere lekser saman
- Vise kor viktige ting som kulturhus, bibliotek, NAV, kino, idrettsanlegg o.l er
- Lage mat saman
- Gå på kafe
- Gjere hagearbeid saman
- Gå på museum, utstillingar og ulike kulturarrangement
- Ta ein fisketur eller fjelltur saman
Dette er berre nokre av dei tinga DU som guide kan gjera saman med ein flyktning, moglegheitane er mange!
Krav for å vera flyktningeguide er:
- Vera over 18 år
- Få ei kort opplæring
- Sette av eit par timar i veka i ein periode på 9-12 månader. Ordninga er fleksibel, og korleis ein kan ordna ting mest praktisk er opp til guide og flyktning.
Dette får du:
- Høve til å bli kjent med eit nytt menneske
- Kjennskap til ein annan kultur, ulike skikkar, spennande matlaging og språk m.m
- Eit nytt perspektiv på din eigen heimstad
- Eit fantastisk punkt på CV'en din som blir lagt merke til
Ta utfordringa - bli flyktningguide på Stord no!
Kontinuerlig rekruttering av guidar heile året!
Se kontaktinfo til høgre!